søndag 29. mars 2009

Fråsegn frå Årsmøte 29.3.2009 i Hellesneset Vel

Lindåspolitikarane sine avgjerder idag former bumiljøet for generasjonar framover. Dagens ”mantra” i byggesaker er fortetting. Bustadbyggjing i kommunen synes væra styrt av entrepenørar sitt ønske om optimalt utbyte, utan omsyn og tanke for lokale tilhøve. HVF er uroa over dette, spesielt i Reguleringsplanen for Hellesneset Bustadfelt. Der kan resultatet bli 16 bueiningar på eit ca.7 mål stort areal i elles spreidd busetnad. Dette kan skje med loven i hand.

Utbyggjinga vil føra til meir enn ei dobling av talet på husvere i heile Hellesneset. Kan det være i samfunnet si interesse å leggja tilrette for slikt? Kommunens sakshandsamar seier det er eit politisk spørsmål kva tettleik ein reguleringsplanen skal ha. Då vonar me politikarane tek ansvar og seier frå at slik skal me ikkje ha det. Veit politikarane til dømes at skule-utvidinga på Leiknes alt er for liten, når andre store byggefelt i krinsen vert realisert?

Hellesneset har spreidd busetnad med nokre få til dels store tomter. HVF ser fram til utbyggjing på det ledige arealet som er under regulering. Men det må bli eit heilt anna tal bueiningar. Til dømes vil 4 einebustader høve her, det har også planfremjar skrive som eit alternativ.

Ei konsentrert utbygging med 16 bueiningar blir eit framandelement i den elles spreidde busetnaden og vil føre til uoppretteleg inngrep i bumiljøet i eit område der det frå før er einebustader, hytter, småindustri og landbruk. Resultatet vil mellom anna bli at:
- Oppveksttilhøva for born i eit felt med så lite fri- og leikeareal blir negativt.
- Den nye busetnaden vil stå fram som "ein ghetto".
- Det vil vera uestetisk i høve til dagens busetnad, anten ein ser det frå land- eller sjøsida.
- Eigedomane kring feltet vil truleg falla i verdi.

Bustadmønsteret er ikkje slik i Hellesneset, ikkje ein gong infrastrukturen ligg til rette (mellom anna skulen). Berre i bymessige strok eller i nærare definerte, store byggefelt er det etter Årsmøtet sitt syn akseptabelt med slik massiv tettleik. Store bustadfelt er alt under utvikling på Midtgård (Leiknes) og på Apalen (Hjelmås). I Hellesneset øydelegg slik tettleik eksisterande bumiljø!

Leidulv Brunborg (Ap) og Lene Fløysand (Sp) i Levekårsutvalet og eit einstemmig Eldreråd har teke til orde for at ein i det vidare arbeidet med Reguleringsplan for Hellesneset må vurdera ferre bueiningar. Dette, nettopp av grunnar HVF her peikar på. Fleirtalet (Frp, H og Krf) bør lytta til Ap, Sp og Eldrerådet og ta omsyn til oss som alt bur- og driv verksemd her, det vil syna godt demokratisk sinnelag frå politikarane si side.

Hellesneset Velforening oppmodar derfor ALLE politikarar i Lindås, men ikkje minst andre samfunnsengasjerte personar i kommunen til å ta avstand frå den planlagde utbygginga både her og i tilsvarande grisgrente strok. Når ”alt ledig” areal vert nytta til 2- eller fleimannsbustader med minimum uteareal for born og vaksne, kvar skal dei som då ønskjer seg einebustad i eit roleg område, med litt meir plass rundt seg, ta vegen? ..... må me flytta ut av kommunen?

Me vonar å bli høyrd. Det som skjer her vil skapa presedens for framtidig utbyggjing og det omdøme Lindås kommune får i samband med byggjesaker/reguleringsplanar. Hugs at det som skjer no vert minnesmerke over dagens politikarar i generasjonar frametter.
Det er politikarane me har vald som skal forvalta våre interesser, det må ikkje berre vera utbyggjarane sine (økonomiske) interesser som skal styra utviklinga!!